Uroar du deg for kva som kan skje når bustaden din står tom? At tjuvar kan ta seg inn, eller at det kan byrje å brenne? Ver trygg! Sunnfjord Energi kan vakte huset for deg når ingen er heime.
Stadig fleire elektriske apparat får innpass i heimane våre, og utgjer ein potensiell brannrisiko. Det er heller ikkje kjekt å kome heim til eit hus der det er gjort innbrot.
Alarm frå Sunnfjord Energi gjer at du kan kjenne deg tryggare når du forlet bustaden.
- Vi har førti eigne bilar, og kjenner kvar einaste adresse i Sunnfjord. Vaktsentralen vår er bemanna døgnet rundt, seier Dag-Rune Mallasvik i Sunnfjord Energi, som har lang erfaring med vaktordningar.
- Når vi har installert alarm hos deg, vil brannvesenet bli varsla og rykkje ut dersom det skulle byrje å brenne. Om nokon prøver å bryte seg inn vil vi rykkje ut sjølve, og om naudsynt varsle politiet.
Eit abonnement på alarmtenesta hos Sunnfjord Energi er enkelt og trygt å forhalde seg til. Det inkluderer overvaking og varsling, montering av alarmane, betjeningspanel og fjernbetjening, to-vegs kommunikasjon med alarmsentralen, optisk røykdetektor, klistremerke for å varsle inntrengarar, innesirene, naudstraumsbatteri, fri utrykking uansett årsak, fri service og livstidsgaranti.
- Alarmsystemet til Sunnfjord Energi er sjølvsagt forsikringsgodkjent. Sidan systemet overvakar både brann og innbrot vil bustadeigaren får rimelegare bustad- og innbuforsikring, seier Mallasvik.
- Faktisk er alarmsystemet så trygt at vi dekkjer eigenandel på forsikringa opp til 5 000 kroner ved innbrot eller forsøk på innbrot.
Ta kontakt for meir informasjon