sidekart  |  ledige stillingar  |  kontakt oss
  Søk






 

 



Ledige stillingar

Sunnfjord Energi er eit energikonsern med 120 medarbeidarar og hadde ei omsetning på om lag 300 mill i 2008. Hovudkontoret ligg i Førde, men vi har og arbeidsoppgåver i Gaular, Naustdal, Høyanger, Hyllestad, Solund, Fjaler og Jølster. Sunnfjord Energi er ein viktig samfunnsaktør og våre produkt er framtidsretta og miljøvennlege. Vi driv med produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av linjenett, småkraftverk, breiband, fiber alarm, varmepumpe  og entreprenørverksemd.

 

 Vi søkjer lærlingar!

 Vi har mange ledige læreplassar frå hausten 2010: Energimontørfaget, energioperatørfaget, dataelektronikarfaget og kontor- og administrasjonsfaget.

Les meir her

  

  

"I Sunnfjord Energi får eg faglege utfordringar i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø . Eg utdanna meg først som energimontør og har no gått vidare og blitt elektroingeniør Stillinga som prosjektingeniør ved produksjonsavdelinga i Sunnfjord Energi er draumejobben hittill i karriera mi". Kjell Johnny Kvamme - 25 år - prosjektingeniør

 

 "I Sunnfjord Energi har eg ein variert arbeidsdag. Variasjon saman med faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø gjer at eg trivast veldig godt i jobben min.".  Einar Midtbø - 28 år- rådgjevar småkraft
 

 

 

 

 
Sunnfjord som bu område

I 2008 vart det gjort ei undersøking i Førde kommune, og det viser seg at folk i Sunnfjordbyen trivs godt. 

 

9 av 10 innbyggarar seier dei vil anbefale byen til vener og familie.

Les meir her

 

Energiutdanning

Er du interessert i å ta ei utdanning retta mot kraftbransjen? Ved å gå inn på linken nedanfor får du informasjon om utdanningsvegar du kan velje. 

 

 

 


  Login | Sunnfjord Energi | boks 123, 6801 Førde | Telefon 57 72 23 00 | Telefax 57 72 23 50 | E-post