Sunnfjord Energi AS leverer kraft i eigarkommunane Jølster, Gaular, Naustdal, Hyllestad, Solund, Fjaler og Førde.
Innanfor kraftsal har selskapet tre produkt:
Marknadspris
Marknadspris føl prisen på kraftbørsen NordPool med eit påslag til Sunnfjord Energi AS på 1,2 øre. I tillegg kjem mva. Kvar månad vert det berekna ein gjennomsnittspris frå kraftbørsen som vert justert for forbruket i vårt område i perioden. Resultatet ein då får kallar vi "vekta områdepris" og den vert grunnlaget for prisen ut til kunden for den månaden. Oversyn over vekta områdepris finn ein på denne sida.
- Priseksempel / fastpristilbod
Fastpris
Fastpris er eit tilbod om å binde prisen på eit bestemt nivå i ein lengre tidsperiode.
Vi tilbyr fastpris i 1 eller 2 år.
100% Fornybar energi
Du kan no sikre deg 100% Fornybar energi, rein vasskraft i tillegg til ordinær kraftkontrakt.
Nettleiga kjem i tillegg.